Kva betyr det eigentleg å vere rettferdiggjort? Og korleis påverkar det identiteten vår i Kristus?
I denne talen til Ingvild Løklingholm får du høyre om evangeliet som Guds kraft til frelse, illustrert med sterke bilete på kva Jesus har gjort for oss. Gjennom Bibelens ord blir vi minna om at vi er tilgitt, sett fri og kalla til å leve som nye skapningar i Kristus.
Dette er ei påminning om at vår verdi ikkje ligg i kor godt vi meistrar kristenlivet, men i kva Jesus allereie har gjort – og at vi i Han er elska, rettferdiggjort og utvalde.